Fundamentet som skal bera terrassen heng i lause lufta, dreneringa er feil og kjellerdøra er for stor. Så stakk arbeidsfolka av med 280.000 forskotbetalte kroner i lomma, fortel huseigaren. Politiet la saka til side, men Fair Plau Bygg, Oslo og omland tok tak. Mannen bak det aktuelle firmaet er norsk. Han hadde åtte-ti mann i arbeid, dei fleste var serbarar.